Eg såg det eg såg.

Dette er truleg mitt siste innlegg kring dette emnet, og av plassmessige omsyn, inneheld det få døme, av mange moglege.

Som kjent var eg på ei studiereise med Kirkens Nødhjelp for to veker sidan. Eg opplevde mykje. Likevel, dei største og mest urovekkjande opplevingane har eg, om mogleg, hatt etter at eg kom heim, etter denne  eine stakkars veka, i dette vakre, høgt elska, landet.

I mitt reisefylgje var det mellom anna fem prestar, to kateketar, ein pensjonert misjonær samt meg sjølv, som pr. i dag er om lag halvvegs i teologistudiet. Ein kan dermed, for ordens skuld, slå fast at den teologiske interessa og kompetansen var relativ grei i dette fylgjet.

Vi fekk møte representantar frå ulike organisasjonar, alle med rettferd og menneskeverd i fokus. Vi fekk sjå og oppleve eksempel på det motsette. Vi såg det vi såg, og noterte oss dette.

Eg er ingen aktivist, og har freista å leggje fram mine opplevingar på nøkternt vis. Det eg såg og høyrde, var det eg såg og høyrde. Eg har bilete, filmopptak og eigne ord. Media er dagleg full av informasjon om konfliktane i midtøsten, men eg fokuserer på det eg såg, med eigne augo, for det såg eg jo, faktisk, med eigne augo.

Etter at eg kom heim har eg møtt folk som har stilt meg spørsmål om kva eg opplevde. På heimstaden min er det mange menneske som er svært glad i Israel, og som dreg dit ofte.  Dei er glade i menneska og livet der nede, og har reist rundt og sett heile landet. Nokre av dei eg har snakka med, seier at dei har sett alt der nede. Nokre har vore der ein gong, men kjenner folk som har vore der kjempemykje. Nokre kjenner folk som kjenner folk som har kjøpt seg eigedom i Israel.

Disse menneska seier at eg ikkje snakkar sant. At det som eg har sett, ikkje skjer.  Disse menneska seier at både underteikna og ovanfor nemnde reisefylgje er blitt påverka av venstrevridde aktivistkrefter, som i sin heilhet er kjøpt og betalt av jødehatarar.

Som tidlegare nemnt, eg veit kva eg såg, for det såg eg med eigne augo. Eg freista å formidle dette til eit menneske her om dagen, sånn i all forsiktighet. Nemnde nokre av opplevingane som eg rakk å få med meg på denne vesle veka. Vedkomande, eit godt, kristent menneske, tilbakeviste det eg sa, som reint propagandaoppspinn. Eg tenkte at vedkomande kan jo umogleg ha vore i dette området, for vedkomande er jo eit godt menneske, som ville ha reagert på same måte som meg sjølv på hendinga eg sikta til, nemleg opplevinga av Checkpoint 300 ved separasjonsbarriæra/muren i Betlehem.  Vedkomande gjorde klårt av ho hadde vore overalt, gjennom checkpointane òg. Alle måtte gjennom checkpointar, og det var verkeleg ikkje noko problem. (Kan det vere dei ein kjører gjennom med bil, til stadighet, vedkomande refererer til?) Eg uttalar meg, og legg merke til det eg seier no, utelukkande om ting eg har sett med eigne augo, og stiller meg sjølv spørsmålet har dei ikkje vore der?

043

 Palestinske menn i tidkrevjande kø. Kvar dag. (Foto: Lise Martinussen) 

Checkpoint 300 er ein relativ stor checkpoint. Kvar morgon, frå klokka 4 til 7 må om lag 4-7000 palestinarar gjennom denne, for å kome inn på israelsk område. Dette er skuleborn, studentar og familefedre som skal på arbeid. Vi kom til checkpointen i sekstida på morgonen. Det var ei vanvittig oppleving. Eg har mest ikkje ord. Dette er kvardagen til palestinarane i dette, og i andre område, kvar einaste dag. Som ikkje-palestinarar, fekk vi gå gjennom den såkalla humanitarian lane, for å kome gjennom første sluse i checkpointen. Den humanitære linja går ved sida av den opprinnelege køen, og er tiltenkt folk over seksti år, kvinner, born, og mennesker med fysiske handicap. Derifrå gjekk vi saman med palestinarane.  Og det tok tid. Vi måtte vise fram passa våre for å kome gjennom, samt ta av oss belter og diverse gjennom sikkerhetskontrollen, slik vi kjenner det frå flyplassane. Palestinarane må avlevere fingeravtrykk i tillegg. Kvar einaste dag. Heile prosessen kan gjerne ta fleire timar. Kvar einaste dag, for å kome seg på arbeid. Frustrasjonen er til å ta og føle på. Alt for få soldatar på vakt, berre halvparten av portane er bemanna. Mennene er stressa og redde for å kome for seint til arbeidet. Gjer ein det, kan ein miste jobben. Har ein vanskar med å tru at dette faktisk skjer, er det berre å reise ned og sjå sjølv.  (Ein kan google både denne, og andre slike checkpointar, dersom ein ynskjer å vite meir.)

R0004455 (1)

Kvinner, born og gamle går i eigen kø, når han er open. (Foto: Magne Fitjar)

Det er klinkande klårt, og heva over ei kvar tvil at eg såg det eg såg. Nett difor fortel eg om det, og framleis er eg ingen aktivist. Likevel vert eg møtt med uttalingar om at dette ikkje er sant, frå mennesker her heime som elskar det israelske landet, folket og flagget meir enn mykje anna.  Har dei ikkje vore der?

Eit av dei sterkaste møtene vi hadde, var kan hende møtet med grunnleggjaren av den israelske ikkje-politiske organisasjonen Breaking the Silence. Han var offiser i det israelske forsvaret og stasjonert i Hebron, då han byrja å lure på kva som eigentleg gjekk føre seg. Saman med likesinna stifta han då Breaking the Silence. Denne organisasjonen har samla hundrevis av testimonies frå tidlegare soldatar og offiserar, der dei fortel om sine handlingar. Målet med organisasjonen er å bryte stillheten som oppstår i gapet mellom det som faktisk skjer, og det som møter soldaten når han kjem heimatt (til foreldra) etter åtte timar på vakt. Ein kan både lese og sjå slike testemonies på heimesida deira, www.breakingthesilence.org.il

På heimstaden min vil nok mange meine at dei i Breaking the Silence heller ikkje snakkar sant, og at også dei er kjøpt og betalt av dei same venstrevridde aktivisktkreftene som har kjøpt og betalt underteikna sjølv, samt Rabbis for Human rights, Kirkens Nødhjelp, World council of Churches, biskopen i The Anglical Church, Grassroots Jerusalem, alle ledsagarane i EAPPI, samt den norske regjeringa, kyrkja og Jonas Gahr Støre. Og alle dei andre. Det får så vere. Framleis er det mange att, som har sett det dei har sett.

20141119_104250

Nettinggjerde over gate i Hebron, for å hindre at folk vert trufne av ting som vert kasta frå jødiske busetjarar på

andre sida av muren. (Foto: Underteikna)

Det som interesserer meg nett no, er kva slags krefter som løyser ut denne mekanismen, som fører til ei så omfattande fornekting av faktum. Alle veit at israelske busetjarar okkuperer land frå palestinske fastbuande kvar einaste veke. I Hebron bur det om lag 600 jødiske busetjarar, inne i palestinsk område. Over eitt tusen soldatar passar på dei. Dette er heva over ei kvar tvil, ein kan sjølv reise ned og sjå. Det er strekt hønsenetting og store segl over den trange palestinske handlegata som ligg attmed muren, for å beskytte dei som går i gata mot søppel, flasker og anna som vert kasta over muren av dei jødiske busetjarane. Også dette er heva over ei kvar tvil. Det er berre å reise ned og sjå. Likevel, og dette er interessant, det finst faktisk folk, oppegåande og bereiste folk, som fornektar dette? Kvifor? Har dei ikkje vore der?

2014-12-01 14.25.32

Hebron: Dei som eig og bur i disse husa har ikkje lenger adgang til heimen på framsida.

Butikkane er difor stengde. Somme har greidd å lage seg inngong på baksida.

Andre ikkje. Dei lyt gå opp på taket til naboen og inn gjennom eit vidnauge

på sitt eige tak. Det  er  berre å reise ned og sjå sjølv. (Foto: Underteikna)

Eg er fascinert og undrande over dette. For dersom dei har vore der, og ikkje sett brot på  internasjonale menneskerettar,  ja då, då har vi eit problem. (Dette er doktoravhandlingsmateriale! Har dette blitt forska på? Empiriske studiar av denne mekanismen?)

Framleis er eg altså ingen aktivist. Og takk for det. No er vi inne i advent, og vi ventar med ljos og song på å feire at Gud kom til jorda. Slik eg har forstått det, kom Han til alle. Med fredstankar.

 Kan partar som ikkje er likeverdige skape fred?

2014-12-01 12.33.06

  1. Serine Talhaug

    Godt skrevet! Opplevde det samme da jeg kom hjem etter fem måneder på Vestbredden (og en hel del i Israel også). Jeg forteller hva jeg har sett, og mange kommer med motargumenter som om det er en mening jeg kommer med, ikke at jeg faktisk beskriver det jeg har sett. Takk for at du deler og velger rettferdigheten!

    Likt av 2 personer

  2. Liv

    Det finnes flust av dokumentasjon på at Palestinerne lever under undertrykking og sogar at Israel har begått og begår krigsforbrytelser og etnisk rensing av Palestinerene.(Russell Tribunal) men dette blir sensurert bort av de fleste medier. Likevel så kan ikke sannheten knebles for alltid….nå finnes det internet og mange har f.eks. mobiler med kameraer som leverer dokumetasjon. Jeg vil dessuten understreke at jeg finner det underlig at du takker Gud for at du ikke er aktivist!!??
    Etter mitt syn er aktivist en hedersbetegnelse, fordi det er mennesker som faktisk foretar seg noe konkret for å kjempe mot urettfedighet – det hjelper ikke bare å synes synd på- det krever handling. Det er ved at mange nok reagerer at man kan få utøvd press til endring- bare det blir mange nok-lenge nok! Lenge leve aktivistene!!

    Likt av 1 person

      • Roar Engh

        Jeg trodde det var Israel som er i ferd med å utslette et folk og et naboland. Dvs, de påstår jo at nabolandet ikke fins!

        Liker

      • Liv

        Luksus urett??? Hvilken verden lever du i og hvor mye har du egentlig fått med deg av hva som skjer i Palestina? Kaller du etnisk rensing og krigsforbrytelser for luksus? Kaller du det for luksus problemer at Israelske militære bevisst bruker skarpskyttere på småbarn? Kaller du det for luksus at hundrevis av barn er fengslet i årevis og blir utsatt for tortur og seksuelle overgrep? Det er på tide å våkne opp Roar- tallene taler for seg sjøl. Var nylig på et foredrag av Max Blumenthal en amerikansk jøde som har skrevet noen bøker om galskapen- den mannen vet hva han snakker om- kanskje du burde lese noen av de bøkene? Flere og flere i det Israelske militæret hopper nå av og skifter side for de har ikke lenger samvittighet til å være med på de forferdelige handlingene. Ja det fins mange steder i verden der det blir begått urett, men man trenger da virkelig ikke sette de opp mot hverandre og ja…. det går faktisk an å engasjere seg i flere saker samtidig.

        Liker

      • Tarud

        Liv. Det virker som om du er veldig dårlig informert om FAKTA som gjelder konflikten. Du skriver om «etnisk rensing» av palestinere/arabere, men i virkeligheten har antall arabere i landet tidoblet (x10) seg i de siste 100 år!
        Du skriver om «skarpskyttere på småbarn» – kan du dokumentere dette?
        Du skriver om «hundrevis av barn er fengslet i årevis» – i virkeligheten bruker kriminelle palestinske ungdommer å sitte i arrest kun noen få dager. Dette er lik praksisen i Norge og i de fleste europeiske land.

        Likt av 1 person

      • Liv

        Nei,Tarud- det er på tide du stikker finger`n i jorda og oppdaterer deg på nettopp fakta. For det første så er nettopp solid dokumentasjon grunnlaget for «Russell Tribunal’s» konklusjon om Israels krigsforbrytelse mot Palestinerne og etnisk rensing. At antallet Palestinere vokser motbeviser da ikke at det pågår en etnisk rensing av Palestinere….Med hensyn til fengsling av barn og at IDF har skarpskyttere som skyter tilogmed småbarn er en kjent sak for de som har fulgt med. Dette er fakta dokumentert i rapporter av både Unicef og Amnesty med flere.

        Liker

      • Tarud

        LIV. Du bruker tydeligvis å stikke finger’n din i jorda, og muligens andre steder, men kunnskap får du ikke på den måte. Dermed kan du ikke dokumentere dine påstander, fordi de er ikke basert på fakta. Les historie og lær om kulturene til arabere og jødene i landet. Hvis du hadde kunnskap om den arabisk mentalitet, ville du ha forstått hvorfor de palestinske kilder er upålitelige. Ønsker du å hjelpe palestinere så må du behandle dem som voksne mennesker og ikke som barn uten ansvar for det de gjør!

        Liker

      • Liv

        Jeg har henvist til kildene for mine påstander som er solid dokumentert…. Den usaklige og useriøse retorikken din har jeg ikke tenkt å ofre en tanke mer.Kan ikke tas på alvor.

        Liker

    • Ingrid

      Takk for et godt innlegg. Jeg besøkte Israel og Palestina gjennom en utviklingstur gjennom Den norske kirke i 2010. Selvom det nå er fire år siden tenker jeg fortsatt veldig ofte på alt jeg så. Alle inntrykkene sitter sterkt. Hebron og Checkpoints var definitivt blant det sterkeste. Samme med landsbyen Janoun der bosettere daglig lager et helvete for den lille fattige befolkningen, og en flyktningleir i Betlehem der palestinere har bodd siden 48… Umenneskelig.
      Jeg opplever det samme som deg. Jeg har familie og venner fra konservative frikirker og de fornekter det som jeg sier. Flere sier til og med at muren ikke er så voldsomt som de venstrevridde skal ha det til.

      Takk igjen for et godt innlegg. Det er så viktig at noen setter ord på dette. Ønsker deg en god jul.

      Liker

  3. Siri Bremdal

    Hvordan kan en nasjon som har en historie hvor folket selv har blitt påført mye lidelser og forfølgelser spesielt i nær historie under 2. verdenskrig, påføre et annet folk så mye lidelse og forakt. Antall sårede og drepte og knuste hjem er jo fakta som viser hvem som lider mest, i tillegg til mur , checkpoints m.m. Takk for at du og andre kan bekrefte det vi ser og blir rapportert i media!

    Likt av 2 personer

    • Helge Mjelve

      Og hvorfor er mange overgripere selv tidligere offer for overgrep?
      Man kan jaggu lure på hvor denne paranoide oppførselen til Israelerne kommer fra.

      Liker

      • Tarud

        Helge Mjelve. Trangen jødene i Israel har til å forsvare seg selv («paranoide oppførselen») er et resultat av en lang erfaring. Eksistensen til nordmenn var aldri truet og derfor er det vanskelig å forstå.

        Liker

  4. Marte haugland

    Godt skrive. Eg forstår kva du seier og det det mest utruleg at urett kan forsvarast når det gjeld Israel og ikkje andre stader. Det har eg aldri forstått.

    Liker

  5. Nina

    Eg vert også like skremt og overraska som deg kvar gong eg ser korleis Israel-vennlege personar svarar på det minste teikn til kritikk. Ein vert aldri møtt med argumentasjon, forsvar eller diskusjon. Kun knallhardt angrep, blank fornektelse og motanklagar.

    Likt av 1 person

  6. Inger viste

    Mannen min og eg såg det samme då me skulle frå Jerusalem til Betlehem for mange år sidan. Lange køar for palestinarar på veg til jobb i Jerusalem , turistbussen vår på veg inn for å sjå Fødselskyrkja, hadde ingen problem. Kontrasten mellom det vestelte Israel og det fattige Palestina/ Betlehem var slåande!

    Likt av 2 personer

  7. Tarud

    Du skriver at du VET fordi du har SETT ting med egne øyner. Men har du virkelig gjort det?
    Har du opplevd hvordan det er å leve med terrorfrykt år etter år?
    Har du sett den omfattende antisemittisme blant palestinere?
    Har du snakket med flertallet som støtter Hamas om hvilke løsning de kjemper for?
    Vet du hvem som har bodd i dette land for 130 år siden?
    Å se med egne øyner er viktig, men øynene kan lure deg og er ikke en erstatning til kunnskap.

    Likt av 1 person

  8. Hugleik Almenning

    Eg trur deg, Kjell, på at du såg det du såg, og eg trur ikkje du var full og såg syner. Eg trur (og veit) at slik er det. Slik også ! Og eg nektar ikkje for det. Fornektinga er i dette tilfelle både uverdig og uforskamma, fordi nektarane nektar og tru deg. Og eitt av dine hovudpoeng: korleis kan dei … . er både interessant og viktig. Men det er i tillegg skremmande. For korleis kan velmeinande og gode menneske nekte å tru det som skjer ? Nekte å sjå sanninga ? Eller er det ikkje det dei nektar? Nektar dei å akseptere fordi dei veit eller trur at det du ser, ikkje er HEILE sanninga?
    Er det ikkje framleis slik at ditt og mitt sanseapparat fangar opp berre deler av sanninga? At våre oppfatningar i tillegg er farga både av det vi tidlegare har lært og opplevd, av våre tillærte sympatier og antipatiar og av vårt varierande kjensleliv?
    Kanskje det eg såg med mine eigne auge og høyrde med mine eigne øyre under mitt halvårige opphald i det miljøet du refererer til, kan vere med å gjere sanninga litt sannare? For mine erfaringar er gamle, og kan ligge som grunnlag for det du såg for kort tid sidan.
    Eg såg flyktningleirar der arabarar budde fordi dei vart flytta ut av det som nokre år tidlegare kom innafor det som skulle bli Israels grenser. Og etter det dei sjølve sa(dei få som kunne litt engelsk) , så kunne dei fleste fått arbeid i Israel, men dei fekk ikkje lov av sine eigne styresmakter. Fordi desse skulle ha flyktningleirane. Dei skulle flagge problemet Israel overfor verdsopinionen.
    ‘Dessutan har vi land nok her og’, sa arabaren. Og det er sant. Dei hadde mange gonger så mykje som israelaren. ‘Dei kunne hjelpe oss med landbruksreiskap’, sa arabaren og såg over grensa til Israel, der skurtreskarar og andre moderne lanbruksmaskiner tok inn avlinga og gjorde klar for ny såing. Det skjedde tre gonger årleg.
    ‘Kvifor kan ikkje vi’? spurde arabaren. ‘Ja, kvifor ikkje’? spurde vi og.
    Dei visste svaret, men våga knapt å uttale det. For dette var hysj-hysj.
    I tillegg til å vere eit ansikt utover, hadde flyktningleirane endå ei viktig oppgåve: Dei gav styresmaktene full kontroll over opplæring av neste generasjon. Ein viktig del av denne var HAT-opplæringa mot staten Israel.
    Det vi ser i dag, er resultat av fjerde generasjons hat- opplæring.

    Det du såg, Kjell, er nødvendig sikring av seg sjølv og eigne familiemedlemer, foreldre, ektemakar og barn.

    Vel vitande om at verken du eller eg er innehavarar av den heile og fulle sanning, men med eit håp om at vårt bilde er litt meir fargerikt og perspektivet litt sannare, ønskjer eg velsigning over julehelga både til deg og protestantane.

    Liker

    • Henrik Himel

      Hugleik Almenning høyrde på nokre få arabarar i gamle dagar som kunne engelsk og har sidan altså teke det som ei sanning.
      Vel, desse få punkta dine var særdeles svake. Hadde du sagt at checkpointane og det daglege strevet til palestinarane skuldast tidlegare terrorisme frå same folkegruppe mot Israel, skulle eg ha høyrt på deg og trudd du var nokonlunde nøytral. Istaden er punkta dine nok eit vissvass-innlegg frå ein tungkristen Israel-ven.

      Likt av 1 person

      • Hugleik Almenning

        Men eg såg det eg såg. Eg såg flyktningleirar fylte av arabarar i område med tusenvis av hektar land som kunne vore produktivt og brukt av dei som budde i flyktningleirane. Det eg IKKJE såg, var KVIFOR flyktningleirane skulle vere der. Eg veit heller ingen andre som observerte det same, som såg eller fann eit rasjonelt svar på det.
        Vel, det kan vere at det eg og andre såg, er svakt. Du burde forklare det litt nærmare, HH. Vi som såg, opplevde det som sterkt.
        Kanskje du har svaret, HH ? Kom med det, men gjer i alle fall eit forsøk – om du kan – på å komme eit steg nærmare eit sakleg nivå enn det vi måtte lese i ditt førre innlegg.

        Liker

  9. Tarud

    Hvis du ville a besøkt Nord-Korea, og fått en omvisning av myndighetene ville du ha sannsynligvis fått et inntrykk av et fritt og blomstrende land…

    Liker

  10. Inger Marie Søyland

    Jeg er også et sannhetsvitne, og her legger jeg ved min digitale historie, en del av mitt kunstneriske utviklingsprosjekt fra 2012. http://www.ingermsoyland.com/410599540
    Kort oppsummert handler mitt bidrag om den brutale og grufulle nedbrytingen av den palestinske kulturen. Hvordan dette folket har levd i den ytterste fornedring siden 1948 og hvordan jeg så med egne øyne vilkår og livsbetingelser for palestinere i flyktningeleiren Shatila i Beirut. At vi kan akseptere dette er en gåte for meg – at Israel kan opptre på denne måten i regionen er en gåte for meg – at USA mfl kan bidra økonomisk til våpen og krigføring på vegne av Israel er en gåte for meg. Palestinere er et knust folk, hva i allverden er gevinsten ved fortsatt forfølgelse? Se filmen.

    Likt av 1 person

  11. Qetil

    Du sier: «Det som interesserer meg nett no, er kva slags krefter som løyser ut denne mekanismen, som fører til ei så omfattande fornekting av faktum»
    Det er vel samme krefter eller mekanismer som får og har fått folk til å fornekte folkemord eller grusomheter begått av makthavere mot minoriteter eller religiøse og politiske motstandere. De som ikke blir rammet lukker øynene, fortrenger og fornekter som et slags selvforsvar.

    Likt av 1 person

  12. Roar Engh

    Tydeligvis skrevet av en mild og forsiktig mann. Forholdene er jo mye verre enn det han skriver. Aparteidsystemet i Israel er langt verre enn det var i Sør-Afrika. Og ja, jeg har vært der.

    Liker

  13. Jan Sigve

    Hei. Sidan eg er sambygding – tillet eg meg å ytra meg på bloggen din.

    I tida 1990-2000 talet budde eg 12 månadar i Tel Aviv, samt hadde ei lang rekkje mindre opphald også på ca 12 månadar. Når eg ser tilbake, så angrar eg på at eg ikkje skreiv blogg på det eg opplevde denne tida. Ein slik blogg skriven av meg, ville ha same svakheita som denne sannferdige bloggen, nemleg at EG BERRE ”såg det eg såg”. Problemet for meg er at viss eg skildrar alt eg såg mellom to datoar, kunne eg lettvint ha trekt den slutning at palestinarar er blod tyrste terroristar, og vill aldri greie å leve i fred med jødar. Men slik er det sjølvsagt ikkje! OVERHODE IKKJE!

    Det eg såg i Tel Aviv, Israels store økonomiske senter, var eit yrande liv av palestinarar frå Gasa og Vestbreidda. Ca 100 bussar parkerte på ein grusbane like ved der eg arbeide. Desse bussane kom kvar sundag morgon. Reiste heim før sabbaten starta på fredagen. Palestinarane var lette å kjenna att, med sin klestil. 14 stk budde i nabo huset mitt. Dei var hyggelege og glade over å tene pengar til familiane sine. Dei ytte alt for sine arbeidsgivarar i Israel. Israelarar og palestinarar frå Gasa/Vestbreida hadde stort gjensidig utbytte av kvarandre. Til saman var der over 120 000 palestinarar som hadde denne økonomiske goden. Viktige pengar for dei palestinske samfunna, der dei budde – og langt meir oppbyggleg enn allmisser frå FN

    Så tek det brått slutt. Alle palestinarane blir borte. Sjølvmords bombarar frå nettopp Vestbreidda og Gasa, sett full stopp på arbeidsinnvandringa frå desse områda til Israel. Jødisk blod flyter på dei mest bestialske måtar. Den eine etter den andre av palestinske grupper tek ansvaret på seg. Israel gjer tiltak for å stoppa palestinske terroristar – noko dei ikkje greier før separasjon gjerde/mur blir sett opp . Israel trekkte seg også ut av Gasa i bytte for fred – noko dei trudde på, men ikkje fekk.

    Kva vart resultatet av alt dette – jo det er det du kan lese om i bloggane til utsendingane frå Den Norske Kyrkja. Checkpoint, køar, murar, fråvær av integrasjon og kommunikasjon mellom partar. Samt den svertinga som følgjer frå kyrkjas menn og kvinner.

    Representantar frå den Norske Kyrkja kan reiser ned til Det Heilage Landet – og skrive blogg på kva dei ser. Eg tvilar ikkje på deira skildringar. Krig er brutalt. Men det kyrkjas menn og kvinner held på med når det gjeld blogg skriving, er å kaste olje på eit bål som er alt for stort frå før. Bloggane er selektive, lettvinte, målretta og demoniserande mot den eine part. Mange bloggar som liknar denne, legg ikkje skjul på at dei er partisk og aktivistisk. Fred fører dette ikkje til. Kyrkjas bidrag til ”fredsreiser” bør vera langt meir kreativt og framsynt dette.

    Liker

  14. Steinar Eliassen

    Treng ikke mye komentar her,Gilbert ser og de han ser men de er jo ikke der de ligg i de hele tatt,Her er konflikten helt tilbake til Abrahams tid og sette seg inn i historien og Bibelhistorien og grundigt g inn i dette og se og grunne og oppleve konflikten ligestilt på begge sider,Hvorfor står de den som velsigner Israel og de motsatte.Har vert her flere ganger og for og ta Sedroot og rakettregnet der er en ting ,Slipp opp grnser over alt og se hva som sjer,Trykk på Arvid Bendsen hvi dere vet for lite om Isral og Guds Øyesten og forstå at levende kristendom er levende og da kaller vi de Åndskamp.Kunne skrevet en bok om dette men gidd ikke nå.Alle organisasjoner som ikke tror og har forstått Bibelen kommer til kort her.Krig og Jevelskap er grusomt hvor de er i verden men her er de ikke de vi ser i nuet som teller,Hadde de ikke vert for Gud hadde Jødenes land vert utslettet for årevis siden.

    Liker

  15. Tilbaketråkk: – Eg såg det eg såg | Framtida

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s