Tru, håp og trøystelaushet…

Einaste tilsett på Røyndomskontoret, altså underteikna, er attende i kvardagen. Eg har teke fleire hundre bilete, og ein del film. Filmsnuttane har eg ikkje våga å sjå gjennom enno, i rein frykt for at klumpen i magen skal bli enda større og gjere enda meir vondt. Eg ser eg treng tid til å absorbere og sortere dette som eg har vore med på, i løpet av mi veke i Palestina og Israel.

Vi drog altså ikkje til dette området som turistar. Vi fekk dermed vere vitne til mangel på rettferd og mangel på respekt for menneskeverd generelt. Fleire av oss grein, og trudde mest ikkje det vi såg. For å greie å formidle dette på anstendig vis, ser eg, for eigen del, at eg lyt sende adjektivarkivet mitt på rehab. Eg drog på denne studiereisa med respekt for menneskeverdet som hovudfokus. Etter disse dagane kjenner eg på ein litt desillusjonert tomhet, og ei kjensle av hjelpeløyse. Eg veit at konflikten mellom Israel og Palestina er svært viktig for folk, også her heime. I dag greier eg ikkje å formidle det eg har sett og opplevd. Eit familiemedlem kom til å nemne noko av det eg hadde fortalt på telefon medan eg var der nede, til eit anna menneske, og vart møtt med eit skråsikker beskjed om at dette ikkje var sant, at det ikkje stemte og at det ikkje var slik i det heile tatt. Det får meg til å krympe innvendig, for det eg har sett, det har eg sett, i likhet med svært mange andre. Og eg er lei for det.

Difor kjenner eg at eg vil klamre meg enno ei stund, til dei gode opplevingane.

I Nasaret, til dømes, der Jomfru Maria fekk besøk av engelen som fortalde at ho skulle få ein son. Det skal, etter alt å døme, ha funne stad her:
2014-11-22 19.02.43

Det var også svært interessant å sjå utgravingar ein meiner stammar frå Jesu tid, og det ein meiner kan vere huset der Jesus vaks opp. Det er fleire grunnar til at ein går ut frå at dette faktisk kan vere rett hus.

Var dette inngongspartiet i Jesu barndomsheim?

Var dette inngongspartiet i Jesu barndomsheim?

Kanskje var det her Jesus sprang rundt i sine barnesandalar!

Kanskje var det her Jesus sprang rundt i sine barnesandalar!

Om det stemmer på millimeteren eller ikkje – eg har uansett aldri vore nærare! Og det er ei god kjensle!

Nydelege Genesaretsjøen, med dei kjende historiane som Ole Pedersen levandegjorde (på flanellograf?), i min barndoms søndagsskule, og eg sat der, liten på jord, og visste allereie då, at jo, dette som Ole Pedersen fortalte no, var sant.

2014-11-22 19.00.35

No er det ein restaurant ved Genesaretsjøen, der ein kan få kjøpt «ekte» Petersfisk. Personleg sto eg over nett dette tilbodet, eg fekk ein vag mistanke om at denne Petersfisken faktisk var fiska av Peter sjølv, sånn ved fyrste augnekast.

Petersfisk - fiska av Peter sjølv?

Petersfisk – fiska av Peter sjølv?

I Jeriko fann vi eit morbærtre, antakeleg identisk med det trèet  Sakkeus, den forhatte tollaren som var liten av vekst, klatra opp i for å få eit glimt av Jesus som gjekk forbi. Jesus stoppa og ba Sakkeus kome ned, «for i dag vil eg gjeste ditt hus». Sjølvsagt er det ikkje same trèet, men det står der, i Jeriko, og aldri har eg vore nærare staden der Jesus faktisk inviterte seg sjølv heim til ein mann som var både forhatt og mislikt av ålmenta. Dette trèet skal visstnok befinne på omlag same staden som Sakkeus-trèet eingong sto.

2014-11-22 18.53.36

Dødehavet – der eg sjølv utnemnde meg til fotograf for mine vener reisefylgjet, og mistenkjer dei for, i røynda, å flyte på flesket… Eg nektar å tru at kombinasjonen kropp og saltlake er ein særleg gunstig kombinasjon for eigen lekam, og har dessutan ein livslang tradisjon å ta vare på, som ikkje-badar.

Dødehavet, observert frå land der, altså.

Dødehavet, observert frå land der, altså.

Gode opplevingar i eit vakkert land, saman med gode folk, og ei viktig reise for folk frå vår del av verda. Eg kjem attende med meir når adjektiva har fått roa seg. Mellombels får ein berre fortsetje å be. Om fred. Og visdom.

2014-11-22 18.57.59

  1. Tove

    Så kjekt å lese at du ikkje har forutbestemte og bastante meiningar om konflikten og situasjonen der nede! Det gjer meg ekstra respekt for deg (hadde nemlig noko av det frå før av 🙂 ) Sjølv om eg har ein tendens til å falle ned på palestinsk side når oppheita diskusjonar om denne konflikten går føre seg – så er den daglege oppfattninga mi at dette er så komplekst og at eg veit så lite at det er vanskeleg å stille seg på nokon si side. Tusen takk, Åse – for at du deler, for din fantastiske humor og for reflekterte tankar. Det er ein fryd å fylgje deg 🙂 Keep up the good work!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s