Turisme er og ein -isme.

2014-11-20 18.39.56

Røynda og dei er framleis i det heilage landet. Og her er det mykje røyndom. Denne røyndomen lyt vente til seinare, før han vert delt med ålmenta. Mellombels kjenner eg meg nærast forplikta, altså, til å la dykk (og de er blitt overraskande mange, ser eg av statistikken – tusen takk for at de er innom sida mi) få gle dykk over dei fine bileta som eg tek med min Samsung Galaxy, medan andre i reisefylgjet går rundt med speglrefleksar i allslags storleikar. Eg har alltid meint at det kan lett bli for mykje speglrefleksar òg, her i verda, som så mykje anna, så eg kjører mobilfotografering.

Det er mange alvorlege inntrykk her nede, i møte med mange forskjellige menneske. Det er ikkje turismedelen som er formålet med denne reisa, men ein lyt jo sjølvsagt få med seg dei viktigaste bibelhistoriske stadane når ein er her. I dag var vi og såg på det som kan vere staden der Jesus vart krossfesta. Vi var i the Tomb Garden, som er ein vakker hage der det som kan vere Jesu grav, befinn seg. (Han har nemleg to moglege gravstader, Jesus.) Jesu grav, Golgata og hagen kring, er eit turistsirkus, sjølv no på denne tida av året. Folk sto i kø for å få tatt bilete av seg sjølv framfor gravopninga. I reisefylgjet mitt vart ein samde om at begrepet «gravselfie» var passande. Det ser omlag slik ut:

2014-11-20 18.41.00

Dei av dykk som er så heldige å kjenne underteikna personleg, veit jo sjølvsagt at eit besøk til klagemuren alltid har stått høgt oppe på lista. I dag var eg der.  Eg, og dei artige jødane med svart hatt og ei lang krølle på kvar side.

2014-11-20 18.38.56

Mine vener, reisefylgjet og dei, gjekk ikkje fram til muren, la eg merke til. Det får så vere. Eg hadde trass alt klager med meg heimefrå og alt.

Så – i dag har eg på vegne av meg sjølv og mange andre eg kjenner, klaga på løna. Eg har klaga på BVA og dei. Eg har klaga på varer som går ut om to dagar på KIWI, på vegarbeid som gjer at eg må stå og vente i tjue minuttar og på dårleg brøyting. (Det siste er ei slags forhåndsklage, men alle veit jo at det ikkje blir brøytt skikkeleg likevel.) Eg har klaga på interkommunal legevakt, lang telefonkø hjå Kystlegane, samhandlingsreformen og grenseforhandlingane i Barentshavet. Eg har klaga på bensinprisane, alle eigenandelane, politikarane og på at posten kjem så seint.

På vegne av dei på Moster, har eg dessutan klagd på bremnesingane. Og på det med bompengane.

2014-11-20 18.44.04  Kvinnene si side av klagemuren der, altså.

Men – ikkje nok med det! Eg vitja ei anglikansk kyrkje i dag, med nokre usedvanleg uheldige kyrkjestolar! Eg tilbaud meg å klage på stolane deira, sidan eg likevel skulle innom klagemuren. Dessutan sa eg at eg kunne, gjennom mitt enorme kontaktnett, kanskje formidle rimelege benkar til kyrkja deira, sidan dei hadde så stygge stolar. Var det dumt av meg? Dei sa dei skulle tenkje på det. (Eg meinar, stolane var kjempestygge, altså!)

2014-11-20 18.42.24

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s