«Leif» på hummarfiske….

Det er sesong for hummarfiske. Alle som bur langs kysten veit jo såpass. Hummar er jo eksklusive greier, sjølv om han smaksmessig ikkje når krabben til, eh, anklane?

Ein skal vere målretta og tålmodig skal ein drive med hummarfiske. Det har eg skjønt. Ein må ha tilgong til båt. Og hummarteiner, sjølvsagt. Teinene vert plasserte på stader der ein har høyrt at svogeren til onkelen til naboen brukar å få mykje hummar. Det må nødvendigvis vere der han bur, hummaren.

Vi kjenner ein hummarfiskar. Yes sir. Sidan vi ikkje likar å henge ut folk på dette foraet, det kunne faktisk aldri falle oss inn, har vi bestemt oss for å kalle han «Leif». (Det er eit heilt vanleg namn. For den saks skuld kan ein like gjerne kalle han «Kåre», viss ein heller vil det.)

«Leif» har båt og hummarteiner. Han er ute og sjekkar teinene sine på tidspunkt mange andre framleis reknar for natt, før arbeidsdagen byrjar. Ivrig og målretta dreg han gjerne ut att på ettermiddagen, og sjekkar forholda enno ein gong. Det er nemleg gode forhold i hummarteinene til «Leif». Det har vore observert teikn til liv av ymse karakter i dei, opptil fleire gongar.

Sjå berre her! Ein havål! Ligg der og ålar seg rundt!

Og sjå her? Er det ein slags, eh, hai?

(Denne fiskearten ynskte å vere anonym.)

Nei, har du sett? «Leif» har fått ein breiflabb! På hummarfiske!

Som ein ser, det er spanande å jakte på hummar. Det handlar, i hovudsak, om å ikkje gje opp. Vår ven «Leif» gjev aldri opp. No way, Hosè.

Og så….brått, ein dag skjer det. Ein hummar i teina. Du store min!

Homarus Gammarus

Nokre dagar seinare: Homarus Gammarus d.e, og vår ven «Leif» her, altså.

Det gjeld, på hummarfiske som elles i livet, om å aldri gje opp. Ein lyt berre fortsetje. Og fortsetje. Til slutt står ein der og har nådd målet og fått teina full av Homarus Gammarus. Eller andre ting.

No var egentleg dette innlegget slutt. Men ved nærare ettertanke kan det nett her vere passande å nemne at det finst fleire vegar til målet. Det finst alltid ei alternativ rute, hugs det! Her er Røynda sitt forslag til alternativt hummarfiske:

1. REIS TIL BERGEN

2. TA INN PÅ STORDALEN SITT HOTELL, CLARION COLLECTION HOTELL HAVNEKONTORET

3. GÅ BORT PÅ FISKETORGET

4. KJØP ALLE DEI FINASTE HUMMARANE

5. NYT RESTEN AV HELGA PÅ HOTELLET MEDAN DU GLER DEG OVER AT HUMMARFISKET DITT FAKTISK HAR GÅTT MED OVERSKOT.

#hummerfiske #lobster #fisketorget #bergen #målsetning #goodtimes #havnekontoret

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s