Eat, pray, love og stikk fingeren i jorda…

For fleire år tilbake sat eg og las i denne. Legendarisk og morsom. Treffande. Då hadde forøvrig min gode ven, Tone, allereie lese  halve boka høgt for meg, på Kreta («høyr på dette, då!»), og vi var samde om at, jo, Gilbert`n hadde absolutt nokre poeng. Ganske mange, faktisk.

Antakeleg finst det folk som, as we speak, nett har opna denne boka. Som berre er komne til side 4. Dei har, tru meg, ei laaang reise framfor seg. (Stakkars dei.)

Sjølv vart eg aldri så påverka at eg drog til India for å meditere, altså, sjølv om eg både før og etter denne boka surfa på ein slags obligatorisk flow som nesten utan unntak startar med at ein les Louise Hay sine berømte to bøker som handlar om å helbrede kroppen sin og sjela si…

Etter fleire års inngåande forsking på ymse vegar til den ultimate frigjering av eige potensiale, var truleg min gode ven Tone både sliten i øyro og rimeleg lei av både meg og potensialet. (På eit tidspunkt opererte eg med min eigen variant fotballaget «Pathetico Madrid» – kjent frå Are og Odin i P3, og hadde stor glede av å stadig sette opp nye lagoppsett der dei mest patetiske personane eg kjende fekk sentrale plasseringar på banen. Kapteinrolla hang høgast, ho var forbehaldt dei mest patetiske av dei patetiske. Pathetico Madrid hadde, dessutan, ein rikhaldig reservebenk.)

Det var, om eg sjølv skal seie det, underhaldande tider. (Jo, det var det. Det er artig å ta fram adjektivsarkivet av og til, og bruke det på dei mest patetiske av dei patetiske…)

Jakta på det ultimate potensiale eller kva det no var det handla om, kulminerte i eit par enkle sanningar som eg brått oppdaga, mest sannsynleg grunna ein etterkvart høgt opparbeidd alder. For det fyrste, stikk fingeren i jorda. Så langt ned du kan komme. (Eller kjøp ein arm og stikk heile armen i jorda, som du då kan ha ståande der ei stund. I jorda.)

Etter ei stund med heile neven og armen ståande i jorda vil det før eller seinare kome til syne eit ljos i tunellen. Det kan hende det faktisk er toget, det kan det, (det veit eg ein del om), men dersom det ikkje er toget, då er det jo faktisk eit heilt ekte ljos i tunellen. Og det er ein god ting.

Verre er det igrunn ikkje. På dette tidspunktet har ein antageleg skjønt det meste. Sjølv skjønte eg, etter heile seansen med armen i jorda og alt det der, at eg måtte satse fagleg. Ja, veit du kva, altså. Det finst faktisk enkelte av oss som ikkje sto fremst i køen då Vårherre delte ut verken det eine eller det andre, det er det berre å erkjenne, altså.

Eg for min bestemte meg for å fortsetje teologistudiet som eg byrja på midt på nittitalet eingong. Det var ein god idè. Ein skal nemleg stå rimeleg tidleg opp, skal ein kunne meir om Paulus si både fyrste og andre misjonsreise, enn meg.

 Kva vil du gjere, etter at du har lese ferdig alle bøkene?

#utdanning #litteratur #selvutvikling #wakeupandsmellthecoffee

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s