Korleis endar rosabloggeventyret?

Eg har lese ein del bloggar i seinare tid. Ein heil del, faktisk. Og ikkje nok med det, eg er imponert! Det er tusenvis av unge bloggarar der ute, som jobbar iherdig for å kome på nivå med toppbloggarane, dei med dagens outfit og sånn.

Alle som bloggar veit at det er hardt arbeid. Bloggeliten produserer så og sei kvar einaste dag, og med tanke på det der med dagens outfit og alt det der, seier det seg sjølv at det vert enda meir arbeid. Honnør til dei, altså. Mange av dei er flinke til å skrive, og flinke til å posere, og det er lett å skjøne at disse bloggane vert ei inspirasjonskjelde for andre, på same alder, vel og merke. (Sjølv sit eg meir og måpar over prislappen som nødvendigvis må ligge bak dagens, til ei kvar tid, oppdaterte outfit.)

No er det jo slik at eg aldri har vore noko, eh, fruktkorg. Det kan eg verkeleg ikkje skryte på meg, altså. (Det er difor eg ikkje har profilbilete.) Og, vi som ikkje er i fruktkorgkategorien har kanskje ein tendens til å, kva skal ein seie, tenkje framover på eit litt i overkant merkeleg vis. (Det var godt sagt!)

Kva vil skje, til dømes, når dei med dagens outfit, og dei, blir eldre? Bloggar dei framleis? Med dagens outfit? Dagens eyeshadow? Får vi vite det om dei får osteoporose? Nedsunken livmor? (Shit! Nå har livmora sunket!) Vil vi kunne fylgje med dersom dei får komplikasjonar i silikonimplantata, eller andre fenomen som det til no har vore relativ liten historikk på?

 Kan vi forvente oss noko slikt?

 Eller vil det dreie i ein meir praktisk retning, med tanke på osteoporosen?

                                   

Uansett vert det spanande. For dei som får fylgje utviklinga, meinar eg. Ulideleg spanande.

 Profilbiletet til underteikna er antakeleg skifta ut og, då…

#rosablogg #rullator #outfit #writers #bloggere

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s