Sjakk matt…

Du all verda kor lite røyndom som vert formidla herifrå! Du store all verda, faktisk. For å bøte på formidlingsmangelen kan vi, altså underteikna og det stadig like hyggelege reisefylget, informere om at vi faktisk allereie har hatt ein tidleg utflukt i sommar. Nemleg til sjølve ur-reisemålet i charterverda – Mallorca.

Reisefylgjet mitt  var rimeleg overtydd om at vi var komne feil, fyrste kvelden. Ho meinte vi var komne til Betlehem, ho kunne tydeleg sjå eit Betlehem-hus i umiddelbar nærleik. (Ho kjende det att frå flanellografen på søndagsskulen.) Vi var begge svært samde om at det var flott å ha utsikt til Betlehem frå ein balkong på Mallorca!

2016-06-09 14.30.51

No er det jo slik at vi, både reisefylgjet og underteikna sjølvsagt er fullt klår over at alle reiser til syden for tida. Så det slepp vi å skryte av. Ikkje slik å forstå at vi plar å skryte, altså. Det kunne aldri falle oss inn, faktisk.

Andre reiser kan hende ofte til syden, men det gjer ikkje vi. Reisefylgjet anka difor litt på at hjernen skulle sløvast vekk i løpet av ei veke med sol og latskap, og melde seg difor på ei spontan lita sjakkturnering. For kor vanskeleg kunne det vere,  dette med sjakk?

2016-06-08 22.32.34

Ein aldri så liten sjakkrunde, for å halde hjernecellene i gong….

No hadde det seg slik at den eine motspelaren faktisk kunne spele sjakk. Han var svensk. Og, etter kort tid, rimeleg indignert. Og förbannad. Reisefylgjet mitt la for dagen ein sjølvsikkerhet som reint objektivt sett ikkje hadde heilt rot i røyndomen, og spelte sjakk etter reglar ho sjølv fann på etterkvart. «Så här kan man inte göra!» sa den vesle svenske guten som faktisk kunne spele sjakk. Reisefylgjet, med sin nøye utvalde medspelar, vart deretter kasta ut av turneringa.

Raudt kort i sjakk der, altså.

Trass i motgong på sjakkfronten så var det sjølvsagt ikkje aktuelt å hengje med hovudet. Ein er kan hende berre fem år gamal, men ein er då i stand til å innsjå sine begrensingar! Mitt absolutt fabelaktige reisefylgje brukte difor store delar av dei neste dagane på forbetring av opningstrekk.

20160606_173820

Litt finjustering på opningstrekk her….

Det er dessutan både kjekkare og fredelegare å spele sjakk når ein slepp innblanding frå andre. Vi syns forøvrig også at det kan vere eit klårt føremon at springarane får høve til å snakke saman, og liksom verte litt kjende.

20160606_173048

Lat springarane få helse på kvarandre, då vert det betre stemning på brettet!

 

Vi slår herved eit slag for meir kjærleik på sjakkbrettet.

 20160606_173042

 Sjakkspeling kan anbefalast som middel mot sløvhet i hjernen, særleg no i ferietida.

…Røynda koplar av….

Som vi alle veit, det er ikkje alltid det går «straka vägen». Ofte langt i frå. Røynda, av alle, er sjølvsagt fullt klar over dette, og tek dette til vitande. Vi let oss difor inspirere frå litteraturen, også i dette høve.

I vår travle og stadig meir presserande kvardag er det difor stadig av aukande betydning at vi får koble av, på kvart vårt vis. Det handlar om å hente seg inn. Frå kva det enn måtte vere.

Røyndomskontoret hentar seg inn med å byte ut nyhende, aviser og allslags anna, med bøker. Å lene seg attende i eitt eller anna mjukt materiale med litteratur av ein eller annan sort er absolutt gull verd.

Vi har difor, etter lang tids forskning, kome fram til eit knippe av forfattarar, og bøker, som vi, reint intellektuelt, kan stå inne for å anbefale dei som ynskjer å nettopp lene seg attende i mjukt materiale, og flykte frå kvardagen, utan å tape hjerneceller. Her er eit døme:

20150626_180741

Denne boka las vi i fjor, og vart svært imponert. Her er det snakk om en tysk forfattar som skriv under pseudonym. Dette er debutromanen til forfattaren, og handlinga tek for seg tilværet til unge kvinner som dreg til New Zealand for å gifte seg med menn, som det er underskot på, i dette nye landet. (Her dreier det seg sjølvsagt om kvite, nyetablerarar.) Menighetar på New Zealand samarbeidar med lokale menighetar i gamledagars England for å formidle kontakt mellom disse mennene og kvinnene.  Ufatteleg fascinerande. Forfattaren har sett seg nøye inn i historiske fakta, og, framfor alt, dette er ikkje «straka vägen». Her snakkar vi skuffelsar, blod, sveitte, tårer og det som verre er. Og det som gjerne er verre enn verre. Slikt likar vi. Vi leikar ikkje butikk når vi skildrar livet. Ofte går det ganske dårleg.

Som nemnt, vi las denne boka i fjor sommar, og oppdaga for eitt par veker sidan at det faktisk var kome ut ein frittståande oppfylgjar. Vi gjekk umiddelbart til anskaffing av eit eksemplar.

20150626_180927

Her snakkar vi definitivt ikkje «straka vägen», altså! Vi får fylgje etterkomarane til karakterane frå fyrste boka, i deira knallharde kvardag, særleg kvinnene, som vart gifta vekk til stormenn på gardar som låg dagsreiser frå næraste nabogard. Her er undertrykking, både av kvinnene, og av urinnvånarane, maoriane – kort sagt, den kvite mannlege mann si historie, i all si blømande prakt. Det som driv handlinga er den ukuelege viljekrafta til kvinnekarakterane i historia – drivkrafta som berre fortset og fortset, sjølv om livet kanskje ikkje vart heilt som ein hadde sett for seg…. (…også i vår tid er dette svært aktuelt, diverre.)

For oss som ikkje hadde råd til å reise til New Zealand dette året, er dette to bøker som absolutt kan vere med på å førebu oss på historia til landet, det året vi plutseleg har råd til å dra dit!

 

Camping, tørrfisk og buljongterningar…

Barndomen til underteikna var prega av relativ høg campingfaktor om somrane. Her snakkar vi minimum to veker i telt, type king-size, fullstappa folkevognsboble og bror min og eg som låg og slong i baksetet. Det var tider. No og då stoppa vi på rasteplassar slik at mor kunne ta fram voksduken og den medbrakte rasteplassmaten, som forøvrig var nett den same som vi åt kvar einaste dag heime. Brødskiver med kaviar og sånn.

Vi hadde medbrakt tørrfisk. Vi hadde buljongterningar. Campingmiddagane var stort sett dei same som middagane vi hadde heime. Ikkje noko knussel. Det hende vi tok inn på hytter òg. (Hytte og hytte, vil nok nokon seie, men på 70-talet var dette altså ei hytte. I Røldal, forøvrig.)

røldal

Andre gongar såg hyttene slik ut, og her bør ein leggje merke til at praktiske gjeremål som klesvask vart oppretthaldt, sjølv om ein altså var på ferie.

camp1

Hyggefaktoren var høg, i barndomens sommarferier. Verkeleg høg og ubetaleleg. Her befinn ein seg altså på Geilo, med grill og voksduk, og ein absolutt genial vindskjerm på ufatteleg mange meter.

camp2

Under gjennomgongen av slike gamle bilete bestemte vi oss for å finne ut om campingtilværet framleis er like sorgfritt og hyggeleg som det var på 70-talet. Vi har nett gjenomført ei vekes ekspedisjon, og jobbar framleis med sluttrapporten, som forøvrig kan ventast å verte publisert før ein veit ordet av det.

Reprisesending frå arkivet…

Stive av frost er vi allereie langt inn i sommaren 2015. I mangel på varme kan røyndomen bli stussleg. Røynda er difor nøydd til å kjøre ei slags reprisesending her og no. Det er eit to år gamalt blogginnlegg som vert henta fram att. Når det røyner på, veit de, kan ein leve både godt og lenge på minnene….

Røynda befinn seg framleis i Tyrkia, der ho forskar på røyndomen på sitt sedvanlege subjektive vis.

Innpåslitne tyrkiske handelsfolk har vi no lagt bak oss, reisefylgjet mitt, altså mor mi, seier at det ikkje er naudsynt å ta ut meir pengar no, det er nemleg siste kvelden. I staden vert det å sjå på fakirshow i regi av hotellet.

Medan vi ventar (i spaning, sjølvsagt) på fakiren og dei, ynskjer eg å rette opp ei noko einspora skildring av handelsstanden i førre innlegg. Det syner seg nemleg at også her fins det unntak.

Lengst inne i eit slags basarområde i ei tverrgate kom eg over eit fenomen som skilde seg ut. Butikkpersonalet, ein liten kar, tok tilværet med knusande ro og såg ikkje ut til til å ville bykse til med det fyrste. Vi fekk gå i fred og sjå på dei interessante skinnkreasjonane som det synte seg at den vesle mannen som sat lengst inne i butikken hadde laga sjølv.

Han laga figurar, vesker og anna av kuskinn som han forma ved hjelp av to ting, nemleg ein stiftemaskin og ei saks. Ved sida av han sat ei kjempelukkeleg dame, og måla kreasjonane med hennamåling. Eg spurde om å få ta nokre bilete, og dama smilte medan ho sto rett opp og ned og sa «wiiiiiii». Eg tolka dette for eit ja, her er sol og glede – og i askebegeret rauk det friskt av tetrahydrocannabinolinnhaldige saker som blanda seg med lukta av henna, og som utvilsomt auka kjensla av sol og glede både for henne og meg.

rr

Framleis er det altså mogleg å finne seg sjølv! Som her, innimellom kreasjonar og diverse, laga av kuskinn, stiftemaskin, saks og peace and love…

ii

Sjølvsagt handla ein hjå disse to! I fylgje den vesle innehavaren er dette den einaste butikken av sitt slag i området. Der sat han, innhylla i den ovanfornemnde eksotiske dufta, saman med den blonde assistenten sin og oste av fred og fordrageligheit. Eg håpar han sel mykje meir enn alle dei andre. Faktisk håpar eg han set salsrekord denne sommaren.

 oo
«Kva slags pengar vil du ha att? Lire? Euro? Same for meg…and remember: you are always welcome to my paradise!»

 

Røynda kan altså konkludere, subjektivt, med at det finst små bortgøymde perler overalt. Også i Tyrkia.

(Det vert understreka at bileta er både tekne og nytta med løyve)

Sommar 2015: Avlinga berga.

I fylgje kalendaren er det sommar no, men, som vi veit (jfr.sosiale medier), har dei fyrste sommardagane vore triste greier. Faktisk såpass trist at det er det einaste vi snakkar om. Det er mest som om det samlar oss som folkeslag, dette triste, triste været. Folk fyrer i peisen på Instagram og på snapchat. I juni. Været fekk eit straumbrot til å samle Sunnhordland til eitt, felles lidande, kongerike her ein kveld, om enn berre for nokre få timar. Men det var vakre timar, der felles skjebne gjekk ut til ålmenta via Twitter og andre sosiale medier.

I Røynda, der vi altså befinn oss, er det slik at avlinga er berga. Og takk for det.

r2

Det kunne lett vore annleis. Det ville ha vore enda tristare.

images1R7EUOPE

Dag 2: Framleis eit mysterium

Og medan ein sit der og tenkjer at eit mindre tre har eg aldri sett, kva får ein sjå?

Jo, eit enda mindre tre!

bonsai2

Åkkei. Det der må vere det minste treet i verda. I heile verdshistoria, faktisk.

Men – det er det ikkje!

Berre sjå her:

bonsai3

Livet – her representert med den svært populære og hyggelege hagekunstformen bonsai, sluttar altså aldri med å overraske oss. Det er godt det framleis berre er tysdag.

Bonsaiveke denne veka, altså.

Nytt år. Eg må bli eit meir interessant menneske. For å bli eit meir interessant menneske, må ein ha noko interessant å melde. Det har eg, trur eg. Denne veka vil difor, i si heilskap, verte via til den artige hagekunsthobbyen bonsai. Eg er overtydd om at dette kjem til å  bli ein suksess. Sidan det berre er måndag i dag, kan det høve bra å starte med eit bilete og to, av fenomenet bonsai.

Her ser ein, altså, bonsaitre på sitt mest ultimate. Små miniatyrtre som altså ser ut som ein krympa versjon av eit tilsvarande originaltre.

Korleis får ein dette til? Det veit eg ikkje, og det er faktisk nettopp difor vi må ha bonsaiveke på Røynda denne veka. Det er forferdeleg å gå rundt i uvisse.

 

bonsai uten navn

Bloggreprise frå då sola skein…

Sidan Røynda har blitt flytta, kjenner eg nett i dag, at det er passande med ein reprise frå sommaren i fjor…

Og sola skein, frå juli 2013:
Kvardagsrøynda har ein tendens til å fortone seg både kald og travel. Difor har Røynda teke ferie. Medan hjernen ligg att heime til kalibrering, er eg altså, as we speak, i sjølvaste Syden.
Eg er i Tyrkia. Der har eg ikkje vore før.
Kva veit eg om Tyrkia? Ikkje mykje. Og sidan hjernen ligg att heime hadde eg på forhånd lese meg opp på nyttige ting eg måtte vite om landet. Det var to ting som var av relevans for denne reisa til dei sydlegare strok denne sommaren, nemleg kvar er hotellet og kvar er stranda. Eg fann begge to.

paulus

Apostelen Paulus

Andre ting i området går meg hus forbi. Eg er ikkje pålogga. Ein ven heimefrå byrja å bla i kartet bakerst i Bibelen då eg snakka med han i telefonen her om dagen, for han meinte at sjølvaste Paulus måtte ha gått forbi hotellet mitt på si fyrste eller andre misjonsreise. Eg kjende at eg vart litt oppglødd over denne moglegheita, men så kom eg på det der med hjernen, og foretok ingen ytterlegare undersøkjingar.

Ferielektyre på sitt beste.

Ferielektyre på sitt beste.

Eg har dratt på ferie for å slappe av. Eg vil berre ha fred. Eg er faktisk eit fredens menneske. Det viktigaste for meg desse dagane har vore ei solseng, ei stor bok av Kate Morton og ein medbrakt thermokopp i stål. Og så har eg med meg eit ypperleg reisefylgje. Det er mor mi. Ho er skeptikar og har eit svært talande kroppsspråk. Ho meinar at eg har ein svært skjødeslaus haldning til utanlandske minibankar. Ho seier det er lurt å ete plommer og vannmelon og Idoform Eg trur det var lurt å ta mor mi med.
Som sagt, eg er eit fredens menneske og er på ferie for å ane fred og ingen fare. Kvar kveld ruslar eg ein tur i gatene i det lokale sentrum, og ser på ting i butikkane langs gatene. Eg var informert om at dei tyrkiske handelsfolka kunne vere litt i overkant slitsame og pågåande, men i all verda så irriterande! «Berre ignorer dei», har tyrkiavenlege vener sagt til meg. Etter ei veke med intens ignorering er eg ganske sliten av å gå rundt og ignorere folk og unngå augnekontakt med tyrkiske seljarar. Det er utruleg slitande. Er desse folka så teite at dei faktisk trur at salet vil auke dersom dei spring etter forbipasserande med vesker og T-skjorter til usannsynleg låge prisar?

 

images

Eg stoppa ved eit bord der det sat ei ung dame og selde strikketøfler. Ho fauk umiddelbart til og fortalde at det faktisk var bestemora hennar som personleg hadde strikka desse tøflene, som hadde eit mønster som framsto som juleverkstad i tredjeklasse samanlikna med våre setesdalssokkar. For ikkje å snakke om Hakadalsmønsteret. Hallo? Den unge dama såg at eg ikkje var heilt imponert, så ho byrja å forklare litt om korleis bestemora hadde gått fram i sjølve produksjonsprosessen av disse tøflene. Bestemora (som sat og vagla på ein stol i bakgrunnen) hadde nemleg strikka disse tøflene med 6 pinnar! In your face, tenkte eg, det har ho slett ikkje. Som om ikkje det var nok, bestemor kunne til og med strikke strømper og ho altså, som rakk langt opp på leggen! Vad trött jag blir, tenkte eg, og legg til, for dei som ikkje kjenner meg, at det har seg slik at det er berre eit par ting i verda eg er god til, og det eine er å strikke sokkar.
Ved sida av strikketøflene låg hekletøflene, presentert med ein aldri så liten monolog om bestemora som faktisk hadde laga dei med ein pinne! Sidan dei hekletøflene var usedvanleg stygge, og sidan det andre eg er god til er å hekle, synes eg det er naturleg å legge inn eit bilete av mitt eige gardinprosjekt. Ja, veit du kva, altså.

Kom ikkje her med hekletøflene til bestemor di.

167ac932-f8a3-4db6-bb81-5989f7d7d54c

Overveldande!

Då eg trykte «publiser» på delingsknappen på Facebook, var det som om det siste blogginnlegget mitt eksploderte ut i kosmos! Det har forårsaka ein straum av respons, og ufatteleg mange har delt det via sosiale medier. Takk til alle. Det er tydeleg at dette er eit omfattande og ikkje heilt ufarleg tema, og det er viktig at vi respekterer kvarandre som menneske uansett kva vi bygger vår ståstad på. Kjenner vi at det er vanskeleg, må vi gjere det med vilje. Alle har, antakeleg, sine eigne grunnar til det meste.

Tusen takk for den enorme flaumen av tilbakemeldingar, og fortsatt god adventstid til alle

Dagens gode gjerning frå underteikna er å vise eit bilete av peparkakehuset som eg og jenta mi på tre og eit halvt år i fellesskap har prestert. Vi er begge samde om at biletet kjem til å auke sjølvkjensla til alle som til no kanskje ikkje har vore heilt nøgde med sitt eige peparkakeprosjekt.

Årets peparkakehus der, altså...

Årets peparkakehus der, altså…